November 2025 varsla NND tilsynsmakta at det var gjord funn av små mengder americium (Am-241) i vatn som var sleppt ut frå atomanlegget i Halden. Etter vidare undersøkingar viser det seg at mengda understigar utsleppsløyvet anlegget har.
–NND varsla tilsynsmakta Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) på eit tidleg stadium for å halda tilsynsmakta godt informert om det løpande arbeidet vårt, fortel NND-direktør Pål Mikkelsen.
-Det er roande å vita at me ikkje har brote med utsleppsløyvet. Likevel meiner eg at det var rett av oss å varsla DSA så raskt som me gjorde. Det er viktig for NND med ein open og tillitsfull relasjon med tilsynsmakta og då er det betre å varsla ein gong for mykje enn gong for lite. held fram Mikkelsen.
Vatn frå atomanlegget i Halden samlast i såkalla delaytanker. Sjølve delay-systemet fangar opp vatn som sig inn frå fjellet og kjølevatn som blir brukt til kjøling av m.a. pumper. Størst volum av vatn som passerer gjennom desse tankane er fjellvatn som samlast opp og blir kontrollert før det blir sloppe ut.
Før vatnet i tankane blir tømt, blir det undersøkt for moglege kontamineringar. Det vart ikkje funne americium i vatnet frå forseinkingstanken, då ein undersøkte innhaldet før tømming.
Det var i samband med vasking av tankane etter at dei var tømde at det vart oppdaga americium i vaskevatnet. Konsentrasjonen av *Am-241 var svært låg og på grensa for kva NNDs måleinstrument kan oppdaga. Vaskevatnet vart sleppt ut før ein vart klar over kontamineringa.
Am-241 kjem frå brenselet som er brukt ved Haldenreaktoren. Eksakt når dette vart sedimentert i delaytankene eller kvar i anlegget det kjem frå, er svært vanskeleg å avgjera.
No har rapporten som beskriv utsleppsmengda bite oversend til DSA, der rapporten konkluderer med at utsleppet var på halvparten av utsleppsgrensa på 0,03 MBq per år for utslepp til vatn for denne nukliden. Hendinga er registrert i NNDs forbetrings- og avvikssystem, og prosedyrane som blir brukte ved vasking av tankane blir gjennomgått. Prosedyrane vil bli oppdaterte for å gjera tydeleg behandlinga av vaskevatn før det går til utslepp.